Når landet mørknar
Tore Kvæven
Den Unge Mannen og Kvalrossen
Vesterbygda. Grønland. År 1293
Som ei flyktande ånd skjer kvalrossen gjennom fjordens understraumar. Ein skugge jagande over fjordbotnens stupmørke berg.
Men det han leitar etter her nede, det som så ofte før har omslutta han, det er alt borte.
Stadig sterkare brenn lungene hans etter luft, og enno har dei ikkje sleppt taket, dei lange trepålane som har bite seg fast i kroppen hans. Han hadde trudd dei måtte gje etter når han kom djupt nok, men alltid er det som om dei bit seg trassigare i kjøt og spekk, som har dei alt felt sin dom over han. Vidt oppsperra søker dei bleikblå auga hans etter det stille vatnets vern, men alltid driv frykta han vidare.
*
Dei er fem jegerar som ror i den same takta. For kvart åretak, og for kvar gong dei bøyer seg mot mannen på neste tofte, kjenner teinæringen kreftene deira renna gjennom seg. Og kvast kløyver han dønningane. Vatnet freser han om baugen. Ein gong var han Vesterbygdas vakraste båt.
Det er ein ung gut som ror på den tredje tofta. Ein lyshåra yngling med lange armar og med hender som enno manglar tyngda og breidda til dei vaksne sine nevar. Men han kan ro. Han ror så tollepinnane knakar. Lange, smidige tak. Og der åreblada hans vrir seg fri og slepper vatnet, der dansar kvervlane hans like ilskt i fjordens grøne hinne som kvervlane bak dei vaksne sine drag. Han kjenner armane gløda, som er dei allereie sterke som svarðreip, som reipa laga av kvalrossen sine skinn.
Han er 15 år, og han ror i si fyrste kvalrossjakt.
Andletet hans er lytefritt og mildt, mest som hos ei ung jente. Mest som om landet som har fostra han, enno ikkje skulle ha herda han. Som skulle det ha kome til at det ville venta. Ein ung jeger frå ein av Vesterbygdas fjelldalar. I ny og ne kastar han eit blikk over den eine eller andre skuldra, men enno er ikkje kvalrossen å sjå.
Der er eit framtidas smil i auga til guten. Han trur alt ligg framfor han, og at enno har han berre opplevd byrjinga. Han trur at kvalrossjaktene ein dag også skal føra han i fordoms kjølvatn til Norðsetrs strender.
Men båten han ror, er som eit gråkvitt skrømt og som ei beingrind. Hudborda som ein gong var så oljeblanke at lyset spegla seg i dei, er utmagra og grå. Herja av tidene som har kome. Av styrken som ein gong fanst i skroget, er no ikkje anna enn trassen og minna att.
Og sjeldan, berre svært sjeldan, blir framtida slik menneska trur ho skal bli.
*
Frå mørket stig han mot lyset. Eit kort augeblikk heng halve kroppen hans naken i lufta. Ein veldig kropp, eit berg av kjøt og spekk. Skinnet over nakken og ryggen er raudt og stygt skjemt av arr og hudvekstar.
Han roterer der i lufta, og dei lange tennene og dei strie vêrhåra peikar eit augeblikk mot himmelen, og kjeften hans syg i seg ny luft. Så fell han. Sidelengs hamrar han igjen gjennom overflata medan skummet slår til vêrs. Men dei skjeglande auga hans har sett det han frykta. Dei venta han her oppe. Ingen veg går utanom. Og då er det som om alt endrar seg. For sjølv lufta han pustar i, og vatnet han sym i, er fylt av stanken frå desse rovdyra, og han kan ikkje lenger koma unna.
Pina som har hamra i han, og redsla som så miskunnlaust har jaga han og gjort han til ein flyktning og ein stakkar i den verda han alltid har kjent, dei er borte. Attende finst berre raseriet.
Slik møtest blikka deira for fyrste gong, guten og kvalrossen, medan dyret tverrvender mot båten, og medan mennene ved ripa vik unna, for dei ser han er ikkje til å stoppa. Men guten, han ser det ikkje.
*
Morgonen før hadde ein mann kome ridande opp til garden til Himin-Gorm på Åsastad. Ein ung mann hadde han vore, andletet hans hadde vore raudt, og hesten hadde vore raud med kvitt bliss og kvite sokkar. Fire hundar hadde kome til og byrja jaga gneldrande om desse sokkane, hesten hadde stampa og sirkla på det elles tomme gardstunet, og mannen hadde ikkje visst om han skulle stiga av eller bli sitjande.
Ei tung, gråsvart tredør hadde opna seg, og hovdingen av Vesterbygdas fjellgardar hadde stige ut og stått på steinhella under takskjegget og gjeve hundane ein kort plystretone. Augeblikket etter hadde dei vore borte.
I bukser av grovt vadmål hadde han stått der, ein brei brande av ein mann, etterkomar i sjette ledd etter Himin-Gorm-Gamle, som ein gong hadde stått på tingsteinen under tingdagane og ropt til alle dei ætter som hadde vendt seg til den nye skikken og den nye guden, at sviket deira skulle ikkje gløymast, og at frå denne dagen skulle dei halda seg borte frå dei gardane han rådde over, elles skulle han sjå til at dei vart slått i hel.
Både før og etter denne tid hadde det vore kaldt mellom fjordgardane og fjellgardane. I godt over 200 år no hadde det vore kaldt. Visst hadde dei ofte trefst. Stundom hadde der vore giftarmål mellom dei, stundom hadde dei halde saman på jaktferder eller i vesterveg eller på tokt etter skrælingane, men alltid hadde mistrua vore der, som ein odla arv frå det eine ættleddet til det neste, og aldri hadde nokon mannsalder gått utan at der hadde vore drap og ættestridar, og utan at blod hadde runne.
Himin-Gorm hadde løfta eine augebrynet og sagt:
– Det er så lenge sidan eg sist såg fjordmenn her oppe, at eg hadde byrja vona dei hadde døydd ut.
Mannen var for uroleg til sinns til å smila til undertonen i Himin-Gorm sine ord, han svara stivt:
– Eg er send som bod frå lovseiemannen, frå Hafgrim i Svartfjord.
Himin-Gorm nikka. Då han svara, var det som om han tala berre til seg sjølv:
– Men berre sjeldan blir dei borte, Grønlands forbanningar, for eiga hjelp.
Der kom to kvinner ut av ei anna dør i det breie huset. Mannen på hesten høyrde fleire røyster der innanfrå, og han likte seg dårleg. Han sa det han var send for å seia:
– Her har kome kvalross i fjordane.
Kvalross. Velstandens skapning. Lovnad om tenner av elfenbein, om kjøt og skipsreip, om blanke oljer brennande i haustens og vinterens oljelampar. Ingen andre dyr kunne som kvalrossen by dei rikdom. Ein gong hadde han funnest her i uhorvelege mengder, i slike flokkar at det var som om strendene og bergnabbane hadde vore levande av han, og landnåmsmennene, dei fyrste som kom hit til bygdene, og som rydda gardane sine her og slo seg til, dei hadde visst korleis han skulle jaktast, og dei hadde gjort seg rike på han. Nordens flottaste gardar hadde dei bygd seg her nord. Skip som dei beste i Austmannaland. Store hallar av grovt tømmer og av stein. Men slik kvalrossflokkane for 400 år sidan hadde trekt seg bort frå Island, slik hadde dei også forsvunne frå fjordbygdene på Grønland, og ikkje lenge etter landnåmet hadde han vore borte frå fjordane i bygdene.
Himin-Gorm hadde nikka. 250 år gamle var versa i lova til Vesterbygdas allting som sa at alle gardane skulle gjevast varsku når her var kvalross i fjordane. Dei delte alle lik rett til å vera med under jakta.
– Kor mange dyr har de sett?
– Opp mot tretti. Det var Hûnvarg av hafgrimane som såg dei då dei kom inn fjordane. Dei ligg i Botnsvik no. Grytidleg i morgon, Odinsdagen, ror jaktlaga ut.
Himin-Gorm heldt han med blikket. Venta ei stund, som hadde han moro av å lata han sitja der til spott og spe. Så nikka han:
– Me kjem.
Kort tid etter hadde der dundra ei halv tylft hestar ut frå tunet til Himin-Gorm. Der skulle gjevast varsku til dei tolv ættene om at dei skulle stilla folk til kvalrossjakta neste dag.
*
Arnar hadde ride med øksa i neven den natta. Han kunne bunde ho bak salen eller hengt ho over ryggen og vore ho fri, men ho hadde hange så godt der i neven, i flukt med travet til hesten, og der brynesteinen hadde kvesst halvbogen til økseeggen, hadde han stundom sett det glitra i jernet, som av dogg og av frost.
Dei hadde ride nordetter frå Dyradal, han og Sel-Floke, gjennom stille, nakne fjell. Himmelen hadde vore svært høg, og stien ut dei breie flærne i Vassfelldragsdalen hadde vore ein velsigna sti. Ein sti skapt for to unge menn ridande gjennom seinsommarnatta medan dei drøymde om alt som var dei i vente, og alt som skulle koma.
Arnar hadde vore berre fem sist dei veidde kvalross i Vesterbygdsfjordane. Han kunne minnast skrottane på strendene. Kvalrosstennene som rissa fòrer i grusen, lukter så harske at han hadde vore nær ved å brekka seg. Han mintest oljegropene og blodige flengjer spekk og drivtømmer og torv som hadde brunne. Olja som hadde kome rennande ut, hadde vore gul og klar, og han mintest atterskinet av flammane som levde i auga til dei som stod rundt, og at olja aldri hadde slutta å renna.
I ny og ne gjennom natta hadde dei ride jamsides. Dei hadde utveksla tankar, skjemt og påfunn, dei hadde snakka om jakt og jenter og om ingenting. Venskapen deira var sterk. Det var som om dei fire åra som skilde dei, var utan vekt.
Dagen før hadde der kome ein ryttar aust til garden til Vilhjalm Rågsson i Dyradal. Vilhjalm og Arnar hadde stått framfor det låge gardshuset, der dei fire menneska og dyra dei eigde på garden, alle budde under det same taket. Sendemannen sin bodskap hadde vore at dei måtte stilla to mann til jakta, og at den eine av dei to skulle vera tenestekaren Sel-Floke.
Medan ryttaren forsvann, hadde Arnar snudd seg til far sin og spurt:
– Kan eg òg reisa, far?
Og Vilhjalm hadde smilt til son sin, lunt som han stundom gjorde, for han var av eit svært lunt lynne, og han hadde tenkt at kan henda var ikkje guten enno røynd nok til å fara på kvalrossjakt, men han hadde også visst at tidene var ved å endrast, og at kvalrossen, som ein gong hadde vore så talrik, no vart dei stadig fjernare, og at båtane dei eigde, vart skrøpelegare år for år, og at det ikkje lenger kunne vitast om dette ikkje ville bli den siste kvalrossjakta i Vesterbygdas fjordar, og han hadde lagt neven over nakken til guten og sagt:
– Jo. Frå denne garden blir det du og Sel-Floke som fer.
Og i det stille hadde han tenkt, medan Arnar sprang over tunet og forsvann inn i huset, at sjølv om sonen ofte kunne fortapa seg i dagdraumar og gløyma arbeid som skulle vore gjort, og sjølv om han til tider kunne vera både stri og uregjerleg, så var han likevel ein god son. Og han tenkte deretter at livet nok kom til å by han ei skramme eller to, at det kom til å hogga hissig etter trassen hans, og at det kan henda kom til å leggja i grus for han ein og annan draum, men at på lengre sikt, og etter som åra gjekk, kom alt til å venda seg til det gode og laga seg for han.
Slik hadde han tenkt, Vilhjalm Rågsson, medan han trudde han skimta konturane av framtidas ukjende dagar, der lys og skugge hadde sirkla einannan som i likevekt, men der ingenting var det det gav seg ut for. Slik hadde han tenkt medan også han hadde gått inn for å hjelpa dei to unge å finna det som ville trengast for jakta på fjorden.
Dei nådde Agnafjords søndre breidd i den grytidlege morgonen. Dei reid i vinden ut ei steinete strand til ein samlingsstad der hestar, båtar og menneske allereie hadde kome. Vesterbygdas menneske. Det stridige landets menneske. Dei som hadde nekta å gje etter eller å bukka under. Dei som framleis beit seg fast. Gardbrukarar og jegerar. Etterkomarar etter landnåmsfolket. Søner av dei endelause ættestridane i landet. Dei som enno var att.
Arnar og Sel-Floke reid inn blant dei og helste på eitt og anna kjent fjes og svinga seg av hestane og gav dei frå seg til folk som skulle gå hestevakt. Rundt dei gjekk dei siste klargjeringane føre seg, og jaktutstyret var i ferd med å lastast i båtane. Nokre av mennene hadde alt sett seg på toftene, og dei fyrste båtane hadde lagt frå. Farkostane til Himin-Gorm låg eit halvt steinkast frå dei andre. Mennene hans syntest vera klare, og årene var ute.
Her var nevar som hjelpte dei om bord. Smila og helsingane vitna om at dei var velkomne. Dei stod i den største av dei tre båtane til Odins-gardane, enno med reipa og våpena i nevane, og Himin-Gorm sjølv stod framfor dei på tiljene. Han steig fram og greip Sel-Floke i nakken, rista han venskapeleg og sa:
– Sel-Floke! Du skal vita kvifor eg ville ha deg her.
Sel-Floke fekk fatt i skinnkleda til Himin-Gorm og stagga ristinga, og som alltid var han kvikk i kjeften:
– Fordi du treng minst ein mann som veit korleis spyda skal kastast?
Fleire av karane i båten humra. Sel-Floke var ikkje anna enn ein tenestekar, og likevel fekk han seg til å stå framfor fjellhovdingen og vera morosam.
Himin-Gorm sa:
– Eg såg deg i vår, på Sandnes, då du vann tenestekarane sin kappestrid i spydkast. Eg såg kastet ditt den gongen. Difor er du her, og difor skal du stå baugmann og skutelmann i denne båten.
*
Her låg elleve båtar på fjorden. Kvart av dei slanke skroga var som hærskip med raggete stridsmenn på toftene og med jaktas våpen: økser, hakapikar, bogar, spyd og skutlar strittande frå stamnane og liggjande over toftene.
Der gjekk helsingar mellom somme av båtane. Ein og annan samtale kunne høyrast bryta morgonstilla. Men mellom dei tre båtane Himin-Gorm rådde over, og båtane frå fjordgardane var det stille. For her var ikkje mange venskapar som kryssa grensene Kvitekrists menn og dei gamle gudars ætlingar hadde rissa mellom seg.
Arnar merka eitt og anna nyfike blikk frå mannskapa i dei andre båtane. Her var mange som nytta høvet til å ta Himin-Gorm i augesyn, dette strie beistet av ein mann som der vart sagt så mangt om. Himin-Gorm sjølv stod snudd bort frå dei andre båtane, stirande inn fjordane, som var han oppteken med eigne tankar. Han stod der i ei grå open jakke av ringselskinn. Harpunen i eine neven hans, skutelen, hadde eit treskaft så langt som ein mann, med eit hovud av gråblått blankpussa jern. Dei to mothakane tre og ein halv tommar lange. Gjennom eit hol i jernet var der festa eit fletta skinnreip. Gjekk harpunen djupt nok, og var dei mange nok til å dra, kunne kvalrossen halast inn etter dette reipet.
Dei to brørne til Himin-Gorm, Steinulfur og Burfell, rodde også i denne båten. Burfell var ein mager, langlemma mann som sjeldan sa stort og endå sjeldnare smilte, men han vart rekna som ein iherdig arbeidskar som helst heldt det gåande frå sola stod opp, til ho gjekk ned att. Den tredje broren, Steinulfur, var bygd som Himin-Gorm, tjukk over nakken og med vide mål om bryst og mage, han var blidare og meir snakkesalig enn brørne sine.
Steinulfur kasta eit blikk på dei sist komne fartøya og rista mismodig på skallen:
– Ei skam er det, å setja slikt på sjøen.
Båtane var lappa med tilhogne krokete bitar drivtømmer og selskinn. Mange av bordgangane så morkne at dei såg ut for å kunna knusast av ei hardhendt bølgje.
Han kjende seg ille til mote over det forfallet slike farkostar la nakent i dagen. Og samstundes visste han at heller ikkje båten han sjølv sat i, lenger var noko vakkert syn. Snart måtte vel også den lappast med selskinn og kvalbardar, om ikkje Himin-Gorm snart fann det for godt å bruka eit par stokkar frå tjørna til å vøla skroget hans.
For eit stort hundre år sidan hadde her vore ti–tolv mektige ætter i desse bygdene med havgåande skip så gode at dei kunne seglt til Vinland eller Island. I tillegg hadde både Kyrkja og mang ein handelsmann seglt staselege båtar her nord. Den gongen hadde dei her frå sitt polarlands utpost selt varer som hadde vore blant dei kostbaraste å finna på marknadane i verda: kvitbjørnskinn, svarðreip, levande kvitbjørnungar, kvalrosstenner, spydet til narkvalen og dei kvite jaktfalkane. Dei grønlandske gyrfalkane. Der hadde vore år så gode at ein hadde trudd rikdomane ville omfamna bygdene for all framtid. Men som sølvmyntane frå Paris etter Ragnar Lodbroks herjingar i landet til frankarane, og som gullskattane i Harald Hardrådes skip då han vende attende frå Miklagard, hadde alt sildra bort, og gradvis hadde velstanden forvitra. Gardane hadde vorte utarma, og båtane hadde gått ned eller vorte øydelagde av is og snø eller dregne på land og etterlatne til dei ikkje var anna enn beingrinder i vinden.
Den siste Vinlands-ferda hadde gått for snart 40 år sidan. I dag kunne knapt nokon av Vesterbygdas ætter lenger seglt dit. Forutan Himin-Gorm var det no berre hafgrimane i Svartfjord og eit par andre storgardar som framleis heldt seg med tolig brukelege båtar her i Vesterbygda.
Det vart ikkje gjeve noko signal til at flåten skulle setja seg i rørsle. Her var ingen leiar dei alle kunne einast om. Men straks den siste båten la frå land, byrja farkostane venda seg mot fjordbotnen, og snart hogg åreblada i sjøen, og sterke ryggar spente åreskafta og drog taka ut og vippa deretter blada frå vatnet. I båtanes kjølvatn byrja vasskvervlane svirra og surkla.
Og dei kunne ro, desse mennene. Sjølv dei båtane som hadde sett som elendigast ut då dei låg langs land, fann vørdnad medan dei skar linjene ut fjorden. Tre teinæringar, to åttringar, fire treroingar og eit par–tre små krumstemningar med berre to mann bak årene. Alle la dei sine grønskimrande kjølvatn under nutanes skuggar.
Arnar tenkte at her fanst ikkje den havgud som kunne stoppa båten deira i dag. Han visste Steinulfur og Burfell hadde veldige krefter. Han kjende draga deira gå gjennom skroget, og dei to andre, Vermund og Gunnar, dei hadde vel neppe same makta, men han såg dei kunne ro, også dei. Og sjølv skulle han visa han var verd plassen sin her på tofta. Frå denne dagen. Frå denne dagen og i alle kvalrossjakter som skulle koma.
Dei seig forbi ein spissgatta færing frå Hornfjord. Det øvste ripbordet hans var grått og sprokke, og Arnar såg at eit par av mennene i båten var tarveleg kledde. Dei forsvann bakut, og nye båtar vart tekne att. Mennene på toftene lest som om dei ikkje merka Odins-båten som kom sigande.
Fremst i den jagande flokken låg ein annan teinæring, ein lang og rask farkost med gamle runer rissa i framstamnen. Dei var fem mann av Hafgrims-ætta frå Svartfjord som rodde han, og lovseiemannen Hafgrim sjølv stod akter. Snart rodde dei jamsides med kvarandre, desse to. Der var knapt fem famnar mellom dei, og gjennom den smatrande hamringa frå bølgjene kunne Arnar høyra dei andre sine hivande andedrag. To båtar av same lengd og same fart og med baugbølgjene rasande jambyrdige under framstamnane.
Mannskapa i begge båtane visste det straks, at her var eit ordlaust kapplaup som hadde starta, og akslene deira falda seg endå ei aning lenger fram for kvart tak dei tok.
Himin-Gorm stod mørk og rank i akterstamnen. Mennene som rodde, merka den manande makta hans. Dei visste han gladeleg ville hogge av seg ein finger for å slå hafgrimane i fjordleik.
Der vende seg eit fjes mot dei der borte frå hafgrimane. Andletet var svært breitt, og munnen var lukka som eit svart arr frå kjake til kjake. Arnar møtte blikket hans. Mannen var knapt eldre enn 18 eller 20 år, og likevel var han diger som eit troll. Senene stod som reip på den tjukke halsen. Då Arnar ikkje gav etter og sleppte blikket hans, flirte den digre og spytta i sjøen. Det var eit flir og ein gest fylt av spott, og dei visste det begge, at fiendskapen fanst der mellom dei frå denne fyrste dagen.
Slik dreiv dei einannan skånsellaust fram, desse to båtane, for det inngrodde ættehatet si skuld, og likevel greidde ingen av dei å vinna nokon siger før Botnsvik opna seg mot nordaust. Der måtte både Himin-Gorm og Hafgrim Svarte i båten til hafgrimane stoppa mannskapa sine og bia, så kvalrossane ikkje skulle uroast før tida. Sindig vart dei no liggjande og vogga i tofots bølgjer.
Då resten av farkostane nådde fram, vart fire båtar bundne saman i reip frå breidd til breidd over det grunne innlaupet til Botnsvik. Under seg senka dei nett og grinder. Slik skulle kvalrossane hindrast i å unnsleppa.
Så rodde resten av båtane inn i vika og runda pynten som stengde for sikta. Enno var ingen trygge på om dyra framleis fanst der, eller om dei hadde reist, og der fall ei spent stille over dei som rodde. Men då Arnar såg Himin-Gorm smila, vreid han seg halvt rundt, og bak Sel-Flokes nedhukte rygg fekk han eit glimt av stranda der inne. Då såg han kvalrossane. Dei låg tre–fire famnar over flodmålet. Mellom tjue og tretti veldige skrottar. Dei låg der urørlege, som var dei alle daude.
Mennene rodde utan åreplask no og med fresinga under stamnane som eit sus. Nådde dei berre stranda før kvalrossane vart uroa, ville jakta vera sikra. Dei digre dyra tok alltid kortaste vegen til sjøen, og om dei kom humpande mellom båtane, ville mennene setja harpunane rakt i ryggen på dei frå kloss hald.
Sju slanke skrog i brei front. Åtaket deira lova vel.
Eitt av dyra der inne letta brått på hovudet. Dei lange hoggtennene svinga seg rundt. Fanst her ikkje eit beiskt drag i lufta? Då det flate kvalrossfjeset vende seg mot fjorden og fekk auge på dei som kom fossande, gav han frå seg eit håst grynt, heiv seg halvt rundt og humpa hastig mot sjøen. Også fleire av dyra letta no på hovudet, og brått vakna dei veldige mengdene kjøt og spekk til liv. Gråraude nakkar og breie ryggar hastig humpande mot sjøen, luffar klaskande mot berg og stein. Som gripne av ein stadig sterkare panikk rasa dyra gryntande og stønnande mot bølgjene. Kvart av dei så tungt som ti–tolv mann.
Sel-Floke skreik høgt i vona om å skremma dei attende. Men spruten stod allereie om dyra, og dei var ikkje lenger til å snu. Dei nådde bølgjene, og dei var under, og straks skjedde det ei forvandling. Alt som hadde vore tungt og stampande, forsvann, og dei vart til flimrande, smidige skuggar hastig jagande mot djupet og fridomen. På få augeblikk var dei for djupt til å kunna nåast med våpen, og Steinulfur løfta eine årebladet frå vatnet og skota imot med det andre. Fleire andre heiv seg på, og båten byrja svinga. Sel-Floke brølte:
– Helheim og Muspelheim! Vis no at de kan ro!
Også dei andre båtane vende langsamt og byrja ro utover att. Ei tid rodde dei slik. Motvinds. Sel-Floke speidande som ein vêrande røysekatt. Stundom banna han at mennene rodde for ringt. Auga til Himin-Gorm smale og svarte mot det kvasse havlyset.
Då kvalrossane braut bølgjene framfor dei, løfta Himin-Gorm havspydet på strake armar. Skaftet skaka i nevane hans, og skutelspissen peikte beint på hovuda som drog luft.
Steinulfur vreid båten i den retninga skutelen peikte. Det var han som rodde som aktermann, og det var hans takt dei andre fylgde. Medan han svinga båten, såg han Himin-Gorms jernegg langsamt dreiast mot framstamnen, og samstundes halte han igjen til for alt han var verd.
Dei fylgde kvalrossane over bukta, til dyra møtte stengsla ved grunna der ytst, og medan dei i uvisse fór innover att. Dyra gjekk igjen djupt, søkande etter anna vern enn å koma seg til havs. Dei delte seg opp og sumde ikkje lenger i flokk.
Den neste kvalrossen som braut flata, låg alt i kursen deira, og Himin-Gorm hogg med spydet i retninga hans og Sel-Floke brølte:
– Der ... Der ... Der ... Ro så vatnet sprutar! Ro så årene grin!
Han var under igjen innan dei hadde teke to tak, men dei skar havflata vidare langs kursen hans. Retninga på skutelen til Himin-Gorm viste kvar han flykta, og det fletta skinnreipet som dansa frå jernhovudet, fortalde at jakta for alvor hadde byrja. Sel-Flokes eidar, forbanningar og skingrande ordrar var ustoppelege. Innan våpena kunne brukast, var dette baugmannen si viktigaste oppgåve: å uroa og skremma dyret så det dukka før det hadde fylt lungene med luft. Frå andre båtar høyrdest andre baugmenn, alle med sine eigne refreng: nokre ulande som ulvar, andre bannande og gaulande. Men ingen av dei kunne måla seg med Sel-Floke, han brølte anten kvalrossen var over vatnet eller under, og ukvemsorda og forbanningane hans gav gjenlyd frå bergveggane rundt dei.
Slik rodde dei Agnafjords inste bukt, på kryss og tvers, til armane og nevane verkte, og til dei knapt trudde dei kunne makta meir. Men femte gongen kvalrossen kom opp for luft og igjen forsvann, var han langt nærare enn før. Knapt eit halvt pilskot frå baugen.
Steinulfur sine hivande andedrag høyrdest over alle dei andre, og Sel-Floke ropte:
– Hadde eg ikkje sett det var du, Steinulfur, hadde eg trudd her allereie fanst kvalross i båten.
Steinulfur kunne ikkje svara. Han hadde ikkje pust til det. Då var det at kvalhesten igjen slo opp frå bølgjene. Det var som om han vart spytta i raseri frå djupet, og der stod ein aura av havskum om skallen hans, og dei lange, gulkvite tennene rissa som rasande i bølgjeflatene. Kjeften var vidopen, og pusten høyrdest hol og raspande. Men havet slo på ny saman over hovudet hans, og han forsvann. Enno hadde haldet vore ei aning for langt.
Himin-Gorm vreid kroppen og skutelen i den leia dyret hadde fare. Då fall der ein skugge over andletet hans. Beint i kursen deira låg båten til hafgrimane. Han låg der på tvers og med årene i vatnet. Akter i han var to mann i ferd med å gjera ein daud kvalross fast i flyteblærer av oppblåsne sauemagar. Mennene på toftene lo, som hadde dei kome med ein fleip om fjellfolka frå Odins-gardane.
Med harde rykk heiv Burfell og dei andre båten inn mot den nye kursen. Sel-Floke brølte mot mennene i teinæringen:
– Kom dykk til sides!
Men ingen mann blant hafgrimane gjorde teikn til å ro. Ein av dei rista på hovudet og ropte:
– Ro utanom.
Men leia til Himin-Gorm stod fast, og båten hans var allereie i godt sig, og for kvart nytt tak auka farten. I den andre båten løfta Hafgrim Svarte Hafgrimsson ein grov neve og ropte:
– Ro utanom! Me gjer fast kvalross her.
Sel-Floke gaula tilbake:
– Få båten unna eller reis havjotnane i vald!
Arnar vreid seg på tofta, og framfor seg såg han dei ilske fjesa
til Hafgrims-slekta, og han såg jernet glimta frå harpunane i stamnane. Igjen brølte Hafgrim Svarte Hafgrimsson:
– Styr utanom, fjellfantar!
Då smilte Himin-Gorm og gjorde eit hogg framover med skutelen, eit hogg mot midtskipet på femroingen til hafgrimane, og Steinulfur hadde sett smilet hans før og rista på hovudet, og medan han tok spenntak mot tofta og tiljene, beit han tennene saman og drog til.
Også Arnar la alle kreftene på årene, for om dei så braut saman, desse to båtane, og vart splintra og gjekk under, og om så kvalrossen vende attende, som eit hemnande udyr, inn blant menn som baksa i sjøen og kjempa om vrakrestar å gripa fatt i, så skulle ingen etterpå seia at han hadde late seg gripa av frykta.
Nye skingrande rop fór mellom dei to båtane, men møtet deira var ikkje lenger til å unngå, og Hafgrims-mennene på dei midtarste toftene sleppte årene og sprang unna. Ein av dei gleid på ripbordet og fall baklengs i sjøen.
Då slo den eldgamle kjølen av eik frå Markland med eit hardt smell inn i relinga på den som stengde, og stamnen hans var høg og bratt og krum. Han steig. Han løfta seg frå havet. Kjølen og dei hogne halsane og framskuten. Han steig opp og inn i midtskipet til hafgrimane. Kjøl og klinkbygde bordgangar gnura og remja, medan tollepinnar og relingsbord gav etter og vart splintra under vekta. Då han stoppa, kneisa han over dei, som ei ørn over eit felt bytte.
Med nevane i relingsbordet hang Sel-Floke ut over framstamnen og såg hafgrimane si babord side bli pressa djupt i sjøen og bølgjene fossa grøne over toftene og vatnet stiga dei kaldt over anklar og leggar. Himin-Gorm kom springande frå akterenden og opp toftene i sitt eige skip. All si tyngd la han i stega, som freista han tyna Hafgrims-båten under seg medan han brølte:
– Press dei under! Få dei i havet!
Men Arnar såg redsla som no fanst i hafgrimane, for her var ikkje ein mann blant dei som kunne symja, og frykta for å bli slukte av djupet låg nakent i andleta deira.
Den digre unge mannen som hadde stira så stridig på han medan dei kapprodde, heiv seg ned og fram og fekk fatt i kleda til han som framleis låg i sjøen. Då han rykte til, vart mannen kasta inn i båten att, som hadde han vore berre eit barn, og som hadde kroppen hans vore utan vekt. Men stadig raskare fløymde vatnet no over ripa. Ein av hafgrimane kunne høyrast då han i redsle påkalla Jesus Kristus, men Hafgrim sjølv heiv seg fram mot båten til Himin-Gorm og ropte:
– Skyv djevlane av oss.
Teinæringen rulla seg ei aning mot babord for kreftene hans, og som hovdingen deira hadde gjort, sprang der no hafgrimar til frå begge sider. Dei kasta seg mot kjølen og skroget som hadde tynt dei under seg, medan Himin-Gorm, som ein tornande gud på den siste dag, stod over dei og brølte:
– Søkk i Rans djupaste mørke!
Vatnet stod dei allereie til midt på leggen. Snart ville det vera jamhøgt med havet utanfor, og båten ville kraftlaust siga under og etterlata dei kavande i bølgjene.
Då var der brått rørsle. Berre to eller tre tommar. Men skroget dei brautst med, hadde flytta seg, og vona deira vende attende. Under det neste krafttaket høyrde dei det øydelagde ripbordet skrika, og svært langsamt byrja den jernharde eikekjølen skli attende dit han hadde kome frå. Då heiv ein av hafgrimane ei åre og slo ho opp mot Himin-Gorm for å denga han innan han forsvann. Men Himin-Gorm greip fatt i åra og røska ho til seg og kylte ho med begge nevar som eit spyd mot mannen. Ho trefte han i brystet, og han brølte og fall baklengs i vatnet mellom toftene.
I neste augeblikk var båtane frie, og skroget til hafgrimane rugga på seg som ein dauddrukken mann. Med ausekar og trespann og med berre nevane, og medan skroget framleis rulla faretrugande frå side til side, byrja dei varleg og med ufrie rørsler å ausa.
Sel-Floke ropte:
– De var heldige denne gongen, fiskeyngel, denne gongen var de heldige, men neste gong ror me dykk tvert i senk. Neste gong, fiskeyngel, då blir de fiskemat.
Hafgrim Hafgrimsson greip etter harpunen i stamnen bak seg, og også den digre karen slengde ausekaret unna og greip fatt i eit spyd. Himin-Gorm og Sel-Floke stod allereie med harpunane i nevane, Burfell fekk fatt i eit spyd, og Arnar bøygde seg og greip øksa frå under tofta.
Slik stod dei vende mot einannan, ættefiendane, med våpen i hand, som dei så mange gonger hadde stått mot einannan på Blodgrasvollen, på ættenes holmgangsvoll, der så mange av Vesterbygdas slekter hadde vorte øydelagde. Dei stod der med eit hat smidd ut av fordoms strid og herda av sterke viljar og av slekter som ikkje gløymde. Eit gamalt hat var det, men glødande og sterkt.
Hafgrim skaka harpunen i hendene:
– Djevelens heidningar! Det sluttar ikkje med dette!
Men vinden dreiv dei to farkostane frå kvarandre, førte det eine bort og lét det andre, det som enno låg djupt i bølgjene, liggja att.
*
Kvalrossen skar gjennom ei verd av grønsvart tang og skjel og molluskar. Gjennom ein nattsvart og sakte vaiande urskog. Gjennom havplanter som strauk seg mot han, og som kviskra om tider som for alltid var borte.
Framleis kima brøla til overflatas vesen i øyra hans, enno sansa han dei tunge klaska mot vatnet der oppe. Taktfaste jagande slag. Og for kvart tak han tok med dei tunge luffane, og for kvar vriding han gjorde med kroppen, kjende han det illevarslande suget i bringa bli djupare.
Då han igjen steig frå mørket, frå verda som hadde overgjeve han, då han igjen sumde mot lyset, då såg han det glitra som i eit underfundig funklande morgongry.
Han hadde vist seg for dei og lagt ryggen sin naken for dei, og dei hadde sett to skutlar djupt i kroppen hans. Haldet hadde ikkje vore meir enn tre famnar, og mennene hadde stønna då dei dreiv jaktvåpena nedover. Jernspissane hadde gått gjennom skinn og spekk og djupt i bringa og ryggen hans.
Eit augeblikk hadde det synst som om han ikkje hadde merka skutlane, men så hadde sjøen rundt han vorte farga av blod, og han hadde baksa med luffane og rulla seg sidelengs og igjen forsvunne under. No såg dei han gli under bølgjene medan harpunskafta pløgde vassflata over han, som mastene på eit skip seglande mot undergangen.
Så var også skafta borte. Berre den harske kvalliknande lukta av kvalross hang att og dei stadig tynnare strimene av mørkt blod i mørkt hav der han sist hadde vore å sjå.
Men reipa fylgde han i djupet denne gongen, sporande kvar sin harpun. Brunsvarte, jernsterke tau av storkobbeskinn festa med surringar harde som bein til ringane i jernet i skutlane. Som eit sus rann reipa over ripa, og Himin-Gorm og Sel-Floke bøygde seg og lempa flyteblærene etter. Tre blærer til kvart reip. Avlange, gråraude sauemagar som var blåsne opp og snurpa saman og bundne inn på skinnreipa.
Ei ganske kort stund låg dei der på sjøen, som visste dei ikkje kva dei var til, og kvar dei skulle. Så rykte dei til, og tumlande søkte dei seg bort frå båten. Då kvalrossen gjekk djupare, vart dei ei etter ei rivne frå overflata og forsvann. Store krefter måtte han enno ha, kvalhesten med dei lange hoggtennene.
Sjøen var krappare enn før. Bølgjene slo mot skroget og fekk det til å skjelva og rulla. Vindane kunne høyrast jagande langs dei svarte fjellsidene i fjorden.
Mennene pesa igjen no. Dei stønna inderleg. Og over dei stod Himin-Gorm med haukeblikket festa i djupet.
Då forsvann draget i reipa, og straks etter var blærene der att. Mennene på toftene slengde inn årene og greip etter våpena. Himin-Gorm og Sel-Floke halte det dei makta, reipa stramma seg, og båten svinga mot den stigande kvalrossen. Ripbordet vart pressa lågt mot sjøen av mennene som trengde seg fram. Bølgjene slo mot bordgangane, og vasspruten stod dei i fjeset.
Han braut opp i ein foss av skum, og då han sirkla for å symja unna, slo to piler inn i han og stod i spekket som stive piggar. Også reipa som var festa til desse pilene, vart dregne stramme, og fire mann byrja hala han til seg.
Han reiv og sleit imot. Den eine pila knakk, og treskafta på harpunane skalv på ryggen hans, men han kunne ikkje koma unna. Då forsvann ho. Frykta som hadde styrt flukta hans. Ho var der ikkje lenger, og han bråvende mot dei, pusten hans kunne høyrast som eit pesande stønn, og han kom i raseri. Steinulfur og Gunnar greip fatt i lange spyd og svinga dei fram, som lanser frå eit brystvern. Han rende inn i desse spede spyda, og han pressa mennene som knua dei, bakover. Som strå for vinden. Tennene hans var heva, som til hogg. Glinsande vêrhår og auge vrengde bortanfor forstand.
Slik møttest blikka deira, det til guten og det til kvalrossen.
Sju mann hadde dei stått ved denne ripa. Alle tråande etter dyret i bølgjene. Av jaktas melodi hadde dei trudd at berre dei siste tonane var att.
Men no, medan droperegnet stod om skallen hans, glinsande som perler av jern, og medan somme av dei vart pressa unna for kreftene hans, då kjende også Gunnar og Vermund motet forsvinna, og dei veik unna for ikkje å bli råka av hoggtennene.
Men Himin-Gorm veik ikkje. For raseriet som brann i han, mot alle levande vesen, dyr eller menneske, som våga setja seg opp mot hans makt, var ubendig og usløkkeleg, og i kraft av dette raseriet søkte han seg fram mot dyret frå havet.
Og Arnar stod der fast, medan spyda knakk som tørre beinpiper rundt han og lydane frå dyret og havet vart stadig sterkare, og han merka livet synga i seg. For dette var det han hadde kome.
Då ei ny bølgje slo inn mot båten, og medan lagnaden og dei makter som rår over alle levande vesen, eit augeblikk heldt tida igjen, som for å fabulera over utfallet av møtet som skulle koma, då stod Arnar der rakt i dyret sitt åtak, og då augeblikket var forbi og kvalrossen sin skalle, som ein slagvoll av arr og gjengrodde flengjer, med regnbogen tindrande i droperegnet, braut inn mot han, då dreiv han øksehovudet over seg i ein lang, sølvblank boge.
Der to arr kryssa einannan og teikna ein grovrissa kross, der sette han hogget. Eggen gjekk gjennom skinn og bein og stod djupt og hardt i kvalrosskallen.
Han dreiv sidelengs fram mot ripbordet, fall deretter bakover og attende ut i sjøen. Straks kom andre våpen til. Økser og spyd slo inn i han, og framleis fanst dødskrampane i skrotten hans, men kreftene som hadde drive han fram, var borte, og bølgjene som rulla om han, hadde allereie byrja vaska blodet frå såra hans.
*
Etter jakta, då dei rodde mot Agnafjords søndre breidd med tre kvalrossar hengande etter båten i reip, snudde Steinulfur seg mot Arnar og sa:
– Hogget ditt i dag, Arnar, det kjem du til å bli hugsa for.
Arnar svara:
– Det kravde ikkje stort. Ikkje anna enn at eg stod stødig då kvalrossen kom.
Vermund gløtta på Arnar då, for å finna ut om der låg ein hån i orda hans, men der fanst ingen hån å sjå. Berre eit opent smil, som trudde han at verda ikkje var av anna enn det gode, og at dei mysteria ho enno skjulte, ein dag ville openberra seg for han.
Men då Himin-Gorm tok ordet frå bakstamnen, då var Vermund ikkje lenger i tvil om at hånen likevel fanst blant dei:
– Det er vel det som er det viktigaste, å stå stødig når kvalrossen kjem. Det skulle ikkje krevja stort, og likevel er det ikkje alle forunnt å få det til.
*
Han stod på stranda på sørbreidda av Agnafjord, og det var kveld. Dei fleste av dei seksten kvalrossane jakta hadde gjeve, var dregne på land. Det hadde kome mykje folk hit frå gardane rundt, og hist og her, i små klynger bortetter stranda, hadde slaktinga byrja. Spekket som vart flensa av skrottane, vart lagt på glødande kol i hellegropene, og alt vart dekt til, og snart skulle olja byrja renna.
Mennene frå fjordane slakta sine skrottar og Odins-folket sine. Dei heldt einannan mistenksamt under oppsyn og blanda seg ikkje. Likevel var her ståk og latter. Ungar som leika, ein guteflokk som sprang frå kvalross til kvalross og høglydt krangla om kven som hadde dei lengste tennene. To hestar, fem–seks menn og kvinner og eit sterkt reip som halte eit nytt dyr inn på land.
Over menneska og dei daude dyra teikna måker og terner sine ventande sirklar.
Kvalrossen låg for føtene hans. Såra var skylde bleike og stygge av havet, og dei blødde ikkje lenger. Gråsvart sand frå stranda nedanfor låg i strimer over skinnet.
Han bøygde seg og greip fatt i den eine tanna og freista rugga i dette veldige vesenet, men det rørte seg knapt. Han sette seg på kne og ville kviskra det heidrande ord, som han visste gamle jegerar stundom kviskra til dyr dei hadde felt, men han vart avbroten av lette steg, og då han løfta hovudet, stod der to jenter framfor han. Den eine stira han freidig i andletet, og auga hennar var grøne og spørjande og svært klare. Den brunblanke fletta over eine skuldra var tjukk som armen hennar. Ho måtte vera nokre år yngre enn han sjølv, han kunne ikkje minnast å ha sett ho før, og han tenkte at ho truleg kom frå ein av fjordgardane her ute. Ho sa:
– Drap du han?
– Ja.
– Kvifor jaktar du sånne stygge dyr?
Orda var freidige, men andletet spørjande, og han reiste seg og visste ikkje kva han skulle svara. Den mektige kvalrossen låg for føtene hans, og det var han som var dyret sin banemann, og ho var berre ei småjente, og likevel lo auga hennar av han.
Ho kasta eit nytt blikk på dyret og strekte foten fram, og med ein yndig sko av geiteskinn dytta ho i kvalrossen, såg deretter opp i andletet hans igjen. Spurde han, denne gongen endå freidigare:
– Men kvifor jaktar du eigentleg sånne stygge dyr?
Veninna greidde ikkje lenger halda seg. Knisinga hennar braut over i latter, og alt det verdige han hadde kjent då han sat her aleine, var borte.
– Han er ikkje stygg.
– Er han ikkje stygg? Han er det styggaste dyret eg har sett. Auga hennar så underleg klare, andletet var solbrunt og med
sterke, rette augebryn. Han ville gje ho eit bitande svar, men ho herma etter faktene hans, armane hennar hengande langs sida og munnen i ein tilgjord geip. Den frydefulle latteren frå veninna var her igjen. Han sa:
– Så spring heim til mor di, så slepp du sjå han.
Smilet som heile tida hadde funnest bak auga hennar, braut plutseleg fram. Det var eit tindrande smil, kvitare enn vinterfjørene til rypa, og ho skakka lett på hovudet, som venta ho eit augeblikk at han skulle seia meir. Så sa ho sjølv, overberande og hovudristande:
– Du burde heller jakta eit fint dyr neste gong. Ikkje eit stygt og stinkande havdyr som dette.
Ho snurpa munnen, som i ein grimase for lukta frå den enno uslakta kvalrossen, greip handa til veninna, og dei sprang frå han. Han stod der ei stund og såg dei springa og såg dei forsvinna blant dei mange andre menneska bortetter stranda. Så sette han seg att og greip med ei hand om kvar av dei to hoggtennene. Dei var sterke og kalde å halda om. Han kunne rugga i dei og førestilt seg makta dei ein gong hadde hatt, men i tankane hans fanst berre det grøne og løyndomsfullt glitrande blikket til jenta som hadde stått framfor han.

For her excellent translation of Tore Kvæven's work, Alison McCullough is one of two runners-up in the 2019 Close Approximations Translation Contest in the Fiction category. Read judge Edward Gauvin's citation and discover the other contest winners here.