Prosa frå ein oppvekst
Jon Fosse
Klokka er kanskje fire
Klokka er kanskje fire då Trygve og eg kjem til den gamle utløa. Det er ei utløe bestefar min ein gong bygde, men som no står til nedfalls, dei umåla plankane i veggane rotnar vekk, mange stader er det hòl der ein kan sjå gjennom veggen og eit par taksteinar ser vi ligge i eit kratt av brennesle, og tre taksteinar står skrått opp or ei myr. Nedover dørkarmen heng ein rusta dørkrok. Døra går skeivt innover og er festa til dørkarmen med hesjestreng. Det er ein varm sommardag, om ettermiddagen. Trygve og eg sit på ein stor rund stein nokre meter frå utløa. Nedmed beina våre står kvar vår plastpose, i den har vi matpakkane våre, skiver med brunost, og så kvar vår flaske brus. Det er varmt, og begge sveittar vi. Rundt hovuda våre svirrar mygg.
Det er heilt umogeleg å få stemt gitaren
Det er heilt umogeleg å få stemt gitaren, og snart skal dansen begynne, i salen er alt ein god del folk, dei fleste i salen er nok av dei som har noko med det å gjere pluss kamerat - ane og venninnene deira, alt i alt ein heil flokk, ser eg gå rundt i salen når eg no kikkar opp frå skjulet eg har bak det lange håret som heng ned framfor auga mine. Eg står bøygd over gitaren og skrur og skrur på ein stemmeskrue, eg skrur den heilt ned og strengen dinglar nesten laus då eg klimp - rar på den, eg skrur oppover oppover, eg høyrer tonen gli oppover, eg klimprar på to strenger, kan det no vere rett? nei, framleis surt som berre det, eller? og eg skrur vidare, eg skrur og skrur, opp og ned, eg skrur og skrur og tromme - slagaren dunkar alt han er god for og klirrar med cymbalar og bassgitaristen dunkar han også og han andre på gitar står og slår akkord etter akkord og eg får honen ikkje stemt denne elendige gitaren min. Eg skrur til, og strengen ryk. Eg kastar håret bakover og ropar at strengen rauk. Dei andre held berre fram med bråkinga si. Eg pluggar ut gitaren og går bak scenen, i gitarkassen har eg reservestrenger. Eg finn meg ein ny tredjestreng. Eg skiftar strengen, skrur den sånn passeleg til. Eg går igjen fram på scenen. Eg pluggar inn gitaren, igjen begynner eg å stemme gitaren. Eg høyrer ikkjenoko. Eg ropar at dei andre må vere stille. Dei blir stille. Eg prøver å stemme gitaren. Eg får det ikkje til. Eg ber den andre gitaristen gi meg tonen, han klimprar på den tredje strengen sin. Eg skrur.
Litt til, seier han.
Eg skrur litt til. Eg ser mot den andre gitaristen, han ristar litt på hovudet sitt. Eg skrur litt til, klimprar. Han lyftar auga, står og lyttar.
Litt opp, seier han.
Eg skrur litt opp, klimprar.
Litt til, seier han.
Og no begynner det å høyrast ganske reint ut.
Nesten no, seier han. Litt til kanskje.
Eg skrur litt opp, klimprar.
Litt ned, seier han.
Eg skrur litt ned, klimprar.
Det var no honen, seier han. Ta den heilt ned, så prøver vi igjen, seier han.
Eg skrur strengen heilt ned. Han slår den opne tredje strengen sin. Eg begynner å skru oppover. Eg høyrer at det nærmar seg. Det nærmar seg. Eg ser at han andre gitaristen nikkar. Eg skrur litt til. Og så høyrest det ganske reint ut.
Nesten, seier han andre gitaristen.
Eg skrur litt til, det blir surt, eg skrur meir og eg høyrer snart at det nærmar seg igjen. Litt til.
Forsiktig no, seier han andre.
Eg skrur endå litt til. Og eg høyrer strengen breste.
Faen, seier eg.
Den andre det, seier han andre.
Eg går bak igjen til gitarkassen, skal hente endå ein streng. Men eg ser at eg ikkje har fleire tredjestrenger. Eg ropar og seier at eg ikkje har fleire tredjestrenger igjen, eg må få låne ein, seier eg og han andre gitaristen går til gitarkassen sin og ser etter ein streng. Eg ser han stå og støtte det eine kneet sitt mot golvet og han rotar rundt nede i gitarkassen sin og leitar etter ein streng. Han ser mot meg.
Eg trur ikkje eg har, seier han.
Og han rotar vidare rundt i gitarkassen sin. Han reiser seg opp, ristar på hovudet sitt.
Eg har ikkje, seier han. Eg finn ikkje nokon tredjestreng.
Då må eg spele med fem strenger, seier eg.
Det går vel det, seier han.
Ja, folk er jo alt komne, seier eg.
Det går det, seier han.
Øksa
Ein dag far kjeftar på han, går han i vedskjulet og hentar den største øksa, han ber den inn i stova, set den frå seg attmed farens stol og så ber han far sin om å drepe seg. Faren blir som ventande kan vere berre endå sintare.
Lauk og poteter
Eg sit inne i stova hos bestemor mi. For ikkje lenge sidan fekk ho seg ny radio, eg sit og skrur meg frå stasjon til stasjon, på ein av stasjonane plar det vere musikk ein elles ikkje høyrer, det er langsam musikk med lange mørke gitarsoloar, utan song og spetakkel, slik musikk plar vere og innimellom dei mørke langsame gitarsoloane snakkar einkvan på eit språk eg ikkje skjønar, men engelsk er det i alle fall ikkje, for engelsk kan eg litt av og det er eit språk eg ikkje likar. Eg finn stasjonen der dei spelar dei lange mørke gitarsoloane. Eg sit framfor radioen og lyttar. Bestemor mi, som eg er veldig glad i, sit i lenestolen der ho plar sitje, ho ser ut vind - auget, kva ho ser mot kan eg ikkje vite, men ho sit nok og ser mot fjorden, tenkjer eg, i alle fall sit eg alltid og ser mot fjorden når eg sit i den lenestolen. Eg sit og lyttar til den langsame mørke gitaren. Bestemor mi sit og ser mot fjorden.
Er du svolten? spør så bestemor mi.
Eg nikkar og bestemor mi seier at sidan det er laurdag kan ho lage det dei pla lage på laurdagskvelden då ho var lita og så går ho ut på kjøkkenet. Eg sit og lyttar til den langsame svarte gitarmusikken. Eg høyrer flesket begynne å sprake på steikepanna. Eg stiller meg opp i kjøkkendøra, eg ser bestemor mi stå framfor kjøkkenbenken og skjere opp lauk.
Flesk og egg, lauk og poteter, seier bestemor mi.
Eg går inn igjen i stova. Eg set meg ned i lenestolen framfor vindauget, eg ser mot fjorden. Eg høyrer på sprakinga frå steikepanna og på den langsame gitaren.
Bestemor mi ligg i ei seng
I
Bestemor mi ligg i ei seng, ho kan ikkje lenger snakke. På den andre langveggen står ei seng, i den ligg ei som snakkar tull heile tida. Eg sit i ein stol attmed senga til bestemor mi. Håret mitt heng så langt nedover skuldrene mine at det når ned til senga hennar når eg bøyer meg framover. Bestemor mi smiler til meg. Eg smiler til henne. Eg spør korleis det går og ho skakar hovudet frå side til side.
Vil du heim igjen? seier eg.
Eg ser at munnen hennar prøver å bevege seg.
Ja? seier eg.
Bestemor mi ser mot meg. Eg seier ja om igjen, langsamt, med tydelege lipper. Bestemor mi ser mot lippene mine. Ho formar sine lipper etter mine.
Ja, seier ho.
II
Bestemor mi smiler då eg kjem inn i rommet hennar. Eg ser at ho som låg i den andre senga ikkje ligg der lenger. Eg ser at einkvan har greidd det tynne grå håret til bestemor mi stramt bakover panna. Eg har kjøpt med meg bananar til bestemor mi. Eg rekker henne bananane og ho legg dei ned på dyna si. Bestemor mi tar meg i handa. Eg sit attmed beste mor mi og ho sit og held handa mi. Eg er kommen til denne staden for å gå på skule, bestemor mi fordi ho er blitt sjuk. Vi bur no begge heimanfrå.
Går det bra? seier eg.
Bestemor mi svarar ikkje.
Nei, seier eg. Bestemor mi ser mot lippene mine. Eg seier nei om igjen langsamt, med tydelege rørsler med munnen. Bestemor mi prøver å seie nei, men det blir berre nokre merkelege lydar og eg ser at ho ristar på hovudet sitt. Eg fortel at det går greitt på skulen. Og bestemor mi nikkar. Eg fortel om hybelen min. Eg fortel om ein eg ikkje kan like og bestemor mi ristar på hovudet og auga hennar smiler og vi er begge skjønt einige.
III
Bestemor mi er blitt blå på hendene. Ho er også litt blå i andletet. Auga er attlatne. Ho vrir seg frå side til side. Eg set meg ned i stolen. Eg seier at eg er her. Eg ser at bestemor mi er redd. Eg tenkjer at ho er redd fordi ho skal døy og fordi ho er kristen. Eg ser bestemor mi vri seg frå side til side i den kvite nattkjolen. Eg er ikkje kristen. Eg legg posen med appelsinar frå meg på nattbordet.
Vasspistol
I
Vi har hatt det beste til middag, raspeballar. Vi er tørste. Mor mi ber meg gå ned i kjellaren og hente ei flaske ripssaft. Eg spring, med eit kjøtbein i munnen, nedover trappene, stig i eit par skor, spring ut i snøen og kulden og nedover rundt hushjørnet og inn i kjellaren. Eg går inn i matbua, eg finn ei flaske med ripssaft på etiketten. Eg tar flaska og spring ut igjen. Og så, på tunhella, forsvinn beina under meg – den isen! og flaska må ikkje knusast! og eg deiser og så blodet! blodet pumpar! kva no! no blir mor mi redd, veldig redd for eg blør jo minst ein meter ut frå armen og er armen min av og eg blør og blør og armen min må jo vere av og blodet pumpar minst ein meter ut frå armen min, støyter, kva skal eg gjere, gøyme meg? mor mi kjem til å bli så redd når ho ser korleis eg blør, kva skal eg vel gjere? eg blør sånn og eg må springe opp trappene opp til mor mi og framleis har eg vel kjøtbeinet i munnen og eg spring oppover trappene og blodet pumpar og eg må bli roleg.
II
Ein mann eg ikkje kjenner sit og held armen min i fanget sitt. Eg sit i ein bil. Mor mi er der. Far min er der. Eg ser, men ikkje så tydeleg. Eg ser huset heime. Eg kjenner ingen som har døydd, men no skal eg vel døy, endå eg berre er sju år gammal. Eg er ikkje redd. Eg snur meg, eg ser mot husa heime. Eg tenkjer at det er siste gong eg ser husa heime.
III
Eg sit støtta opp med puter i ryggen på sofaen heime. Foreldra mine har spurt meg om det er noko eg ønskjer meg, eg har sagt ein vasspistol og så har far min gått til butikken sin for å kjøpe ein vasspistol heim til meg. Armen min er heilt tulla inn i gasbind, den heng i fatl. Mor mi har late meg få lov til å skyte med vasspistolen mot døra i stova, men det er berre så vidt eg klarer lyfte den friske armen.
Ikkje leikebutikkar i Tyskland
Han skulle saman med foreldra på ferie til Tyskland. Han fortalde at i Tyskland var det allslags leiker å kjøpe, dei fi- naste leikebåtar, leikebilar, alt mogeleg. Eg gjekk i fjøresteinane heile sommaren, eg venta på at han skulle komme heim igjen med det han hadde sagt han skulle kjøpe til seg sjølv og noko til meg hadde han òg lova å kjøpe. Berre han no endeleg kunne komme heim igjen frå Tyskland.
Tydeleg arr på neven
Eg får kjeft. Eg er så forbanna at eg dreg ut skuff etter skuff i kommoden i gangen. Eg tømmer skuffene på golvet. Hanskar og skjerf, fotografi og alskens papir. Foreldra mine veit ikkje si armaste råd. Dei ber meg ta det opp igjen. Eg nektar. Eg ligg på golvet og sparkar. Eg må ta det opp igjen, seier foreldra mine. Og så går dei ut, låser døra, dei kjem ikkje inn igjen før eg har tatt alt opp igjen, seier dei. Eg brøler. Dei låser døra. Ikkje faen. Eg reiser meg opp, eg går til ytterdøra, eg knyter neven, eg slår neven mot vindaugsruta og neven går rakt gjennom vindaugsruta. Eg kvepp. Eg opnar neven, dreg den mot meg mellom dei skarpe kantane i det knuste vindauget. Det siler blod frå handa. Eg blir redd. Eg spring inn på soverommet til foreldra mine, kryp inn under senga deira, inntil veggen. Det siler blod frå neven min.
Karbonadesmørbrød
Eg er så svolten. Eg har ikkje pengar, berre pengar til bussen heim. Eg sit på ein kafé. Ved same bord sit Atle som eg så vidt kjenner, han er nokre år eldre enn meg og om han seier dei at han er fæl til å drikke. Han kjøper seg eit karbonadesmørbrød. Eg er så svolten. Eg seier ikkje noko. Men så spør Atle om eg òg har lyst på eit karbonadesmørbrød og så går han og kjøper eit karbonadesmørbrød til meg også. Eg er sikker på at Atle nesten har like lite pengar som meg, likevel kjøper han eit karbonadesmørbrød til meg. Det smakar herleg.
Støypekantar
Det er dans i ungdomshuset. Eg går utover mot ungdomshuset. Eg ser Atle sitje på kanten av støypetrappa ned til den gamle utedoen ved ungdomshuset, attmed seg har han ein plastpose med ølflasker. Han er raud i auga og veiftar med ei ølflaske. Det står ein del folk utanfor ungdomshuset. Eg stiller meg opp utanfor ungdomshuset. Nokre står der og drikk og knuffar. Atle lyftar flaska si mot meg. Eg går bort mot han. Atle reiser seg opp og så snur han seg liksom og slepper flaska og så fell han på hovudet nedover i trappa. Eg spring nedover trappa. Eg ser Atle smile opp mot meg frå eit graps av blod og eg ser at alle framtennene hans er kløyvde.
Sykkel og gitarkasse
Han Asle sykla rundt på vegane på den gamle sykkelen til mor si, han hadde måla sykkelen blå. Asle hadde nesten alltid ein gitarkasse i den eine handa. Då han sykla, flagra det lange håret langt etter han.
Han der originalen
Etter å ha gått på dans i forskjellige ungdomshus i nokre år og stort sett dansa åleine, fann eg ein gong ut, det må ha vore seint på kvelden, og einkvan må nok ha gitt meg tilstrekkeleg å drikke, at eg skulle be ei jente opp til dans. Eg hadde sett ho ofte. Ho dansa sjeldan. Ho såg beskjeden ut. Ho såg ut som om det var noko med henne. Eg tenkte vel at det måtte vere ei jente for meg. Kanskje trudde eg òg at ho likte meg, i alle fall likte nok eg henne. Eg spurde henne om ho ville danse. Ho svarte ganske bryskt nei. Og så høyrde eg henne seie noko til ei venninne om han der originalen.
Langt fint hår og ein fin hatt
Asle har langt fint hår og ein fin hatt på hovudet. Det er syttande mai. Asle står på skuleplassen. Mor hans står ikkje så langt unna han. Asle ser ei han ikkje veit kven er gå bort til mora. Han ser at mora og ho han ikkje kjenner står og pratar. Asle berre står der. Ho mora pratar med går bort frå mora og Asle ser mora komme gåande mot han og så seier mora at ei ho ikkje kjende no kom bort til henne og spurde kven han med det lange håret og den stygge hatten kunne vere.
Kva svarte du då? seier Asle.
Son min, seier mora.
Forferdeleg god
Mor mi fortel om to gutar som lagar seg lapskaus i ein blekkboks. Dei brukar vatn og poteter og nokre få pølse - bitar. Dei held blekkboksen mellom to pinnar, over eit lite bål dei har laga seg. Etterpå et dei og kosar seg. Mor mi hadde spurt dei om lapskausen var god, og dei hadde svart at den var forferdeleg god.
Var den forferdeleg eller var den god? spør eg.
Den var sikkert ikkje god lapskausen, men dei syntest nok sjølv at den var god, seier mor mi.
Men kvifor sa dei då forferdeleg? seier eg.
Det er sånt ein seier, seier mor mi.
Men forferdeleg er jo ikkje godt, seier eg.
Nei, det er sant det, seier ho.
Var den forferdeleg eller god? seier eg.
Den var god, forferdeleg god, seier mor mi.
Eg skjønar det ikkje. Det heng ikkje saman. Og det er ikkje vits i å spørje meir heller.
Ein seier slikt, seier mor mi.
Raude kyssemerke i brev
I
Vi sat i graset, ho var større enn meg, ho hadde stort brunt hår i alle retningar og breie lipper. Vi var fjorten år. Konfirmantar frå ulike skular treftest. Ho hadde store bryst. Ho spelte gitar der ho sat i graset. Vi bytte adresser. Då eg kom heim, fekk eg brev frå henne, med store raude kyssemerke inne i brevet. Eg skreiv brev til henne.
II
Vi treftest eit års tid seinare, på ein kafé, det skulle vere konsert i eit ungdomshus midt imellom der vi budde. Eg våga ikkje seie noko, våga ikkje sjå mot henne. Men vi sat attmed kvarandre på konserten. Etterpå skreiv vi fleire brev. Eg fekk brev med kyssemerke.
III
Ho tok bussen dei to mila til der eg budde, ho og ei venninne. Det var påske og vi gjekk på fjelltur, vi hadde ikkje ski, vi gjekk på beina, det var varmt og ekkelt, snøen var blaut, vi sokk nedi. Vi heldt litt i handa.
IV
Eg tenkjer at eg må skrive til henne. Eit år seinare høyrer eg at ho er død i ei bilulykke, seint ein laurdagskveld skjedde ulykka.
Vennskap
Då vegarbeidarane var ferdige med å bygge veg, reiste dei bort. Men dei lét den gamle raude barakka stå igjen etter seg i vegkanten. Den fekk stå i fred eit års tid. Då tok ungane seg inn i barakka og etter at dei hadde funne fenghettene og ein eldre gut hadde tatt dei frå dei og sagt at dei var livsfarlege, han kjende til gutungar som hadde blitt blinde av å leike seg med fenghetter, roa alt seg og ungane blei sitjande i barakka i haustkveldanes vind og mørker og spele kort i lyset frå stearinlys dei plukka med seg heimanfrå. Ein slik kveld sit Asle og dei andre på benkane rundt det nedtalga bordet og spelar kort. Og så dunkar det på døra. Og det har skjedd før, no er det nok einkvan av dei som blir henta heim. Det dunkar igjen på døra og så opnar døra seg og sterk lukt av sprit og spy kjem inn i barakka. Det er så mørkt at Asle og dei berre så vidt kan skimte ein liten skikkelse stå ustøtt og støtte seg til dørkarmen. Dei ser at han har ein kvit plastpose i den eine neven. Og så høyrer Asle og dei han seie noko utan meining og Asle og dei ser fort mot kvarandre og dei veit kven han er, han er noko eldre enn dei og har vore lenge borte og om han har vore på kur eller i fengsel, veit dei ikkje, det er visst fengsel. Han går inn og han slengjer plastposen frå seg på bordet, pressar seg ned på benken og så ser dei han reise seg igjen og dei høyrer han seie at ein gong må ein treffe foreldra att. Han sparkar igjen døra. Han går og tar ei nesten tom flaske sprit opp frå plastposen, han set den på bordet, han tar eit samanlagt sjakkspel opp frå plastposen, legg også det på bordet og så seier han at han bytte barbermaskina si mot sjakkspelet og han skrur korken av spritflaska og drikk og han seier om igjen at ein gong må ein treffe foreldra igjen. Han strekker fram armen med spritflaska, men alle dei som sit rundt bordet ristar på hovudet. Han går midt ut på golvet, set sjøbein. Han tar noko opp frå jakkelomma. Ein lyd høyrest og så står han med ein blank kniv i handa. Han spring mot bordet, støyter kniven i bordplata, midt mellom alle hendene som ligg på bordet. Kniven står og dirrar i bordplata. Det er eit svart handtak på kniven, med ein raud hakekross prenta inn. Han løyser kniven frå bordplata, stikk den fleire gonger i bordet. Han lar kniven stå i bordet, tar brennevinsflaska og drikk. Han ser at flaska er tom. Han kastar flaska mot golvet. Han står der på golvet. Asle spør om han skal følgje han heim, og han nikkar.
Ein gong må ein treffe foreldra att, seier han.
Asle puttar sjakkspelet ned i plastposen, løyser kniven frå bordplata, faldar den saman. Asle puttar kniven ned i jakkelomma hans og så går han og Asle ut i den mørke haustkvelden, i regnet og vinden. Dei går langs vegen. Asle høyrer at han begynner å gråte.
Ein gong må ein treffe foreldra att, seier han då han har fått stemme igjen.
Asle har aldri lese ei bok
Asle har aldri lese ei bok. Og så les dei ein roman på skulen. Og Asle merkar at han likar det godt, for i romanen blir liksom alt som elles berre går på kryss og tvers til musikk, som han jo likar så godt, men ikkje berre til musikk, for musikk veit han jo godt kva er, men det blir til ein slags musikk som gjer at alt som går på kryss og tvers blir roleg og fint å tenkje på.
Alltid venner
I
Geir Henning skulle på sjukehuset i byen, han var blitt så tungpusta at han måtte få seg nye medisinar for pusten din. Men han skulle ikkje berre på sjukehus, han skulle kjøpe seg nokre nye plater òg, fortalde han og Svein og eg sa at vi skulle komme ut til han om ettermiddagen, så kunne vi få høyre på dei nye platene hans. Svein og eg syklar ut til Geir Henning. Då vi syklar inn i tunet, høyrer vi musikken. Svein og eg går etter lyden, og så ser vi Geir Henning sitje i hagen med platespelar på hagebordet. Han smiler stort då han ser oss.
II
Då læraren kjem inn i klasserommet, merkar vi på ansiktet hans at det er noko. Eg ser rundt meg. Eg ser at Geir Henning ikkje er kommen og eg veit at Geir Henning er død. Læraren seier at han må seie det, at Geir Henning er død. Han døydde i natt.
III
Svein og eg står og ser Geir Hennings kiste bli senka ned i jorda. Eg tenkjer på den tunge pusten hans, den håse stemma, den oppflassa huda hans. Og eg tenkjer at Geir Henning og eg alltid skal vere venner.
Eg trivst
Eg har vore i tettstaden for å kjøpe meg nye klede. Eg har kjøpt meg ei bok med skrifter av Karl Marx. Eg ligg på senga og les ord og setningar eg ikkje skjønar noko av. Neste dag stel eg med meg ei ordbok frå ungdomsskulen der eg går. Eg slår opp mange ord. Eg skjønar litt, og eg trivst.
Eg har fått vite at ein kjenning brått er død
Det er mørk haustkveld, vind, regn, eg har vore heime i helga, skal reise attende til hybelen. Eg bur på loftet i eit gammalt uthus. Når eg kjem fram, skal eg setje på omnen, så skal eg kanskje skrive litt. Eg har fått ei gammal skrivemaskin av far min, og det hender at eg sit og skriv. Eg står i vegkanten saman med nokre andre ungdommar og ventar på bussen. Vegen er svart. Vinden, regnet. Kanskje køyrer ein bil forbi på vegen. Eg høyrer bølgjene slå mot fjøra. Eg går på gymnas. Eg bur på hybel. Eg er redd. Eg skal skrive. Eg ser etter lysa frå bussen.
Eg er alltid einig med dei ueinige
Eg skjønar at noko av det viktigaste manglar, slik dette livet er. Derfor må revolusjonen komme.
Besøk
Asle høyrer nokon banke på døra nede. Og Asle reiser seg frå senga der han har lege og lese og han tenkjer at så får han altså besøk, det var uventa, og han spring nedover trappa, over hellegolvet nede, bort til ytterdøra, han opnar ytterdøra og han ser at Tollak står der ute.
Kjekt at du kjem på besøk, seier Asle.
Besøk og besøk, seier Tollak.
Ja ja, seier Asle.
Må jo finne på noko, seier Tollak.
Må komme inn, seier Asle.
Så det er her du bur, ja, seier Tollak.
Og Asle ser Tollak stå og bryte ryggen bakover og sjå inn i det som skulle vore ein gang, men som vertskapet bruker som lager for gamle målingsspann, hagereiskapar, gammalt uutgrundeleg verktøy.
Du bur i eit uthus, ja, seier Tollak.
Ja, seier Asle.
Og så er det heller på golvet, seier Tollak. Må vere kaldt det.
Går jo med skor, seier Asle og han og Tollak går mot trappa. Tollak stansar og ser mot rottefella som står under trappa.
Er her rotter! seier han.
Asle nikkar.
Tollak set i å skratte.
Har du tatt mange? seier han.
Fem–seks på nokre dagar, seier Asle.
Kva gjer du med dei?
Kastar dei.
Kvar?
Det er ikkje så enkelt å vite kvar ein skal gjere av dei, seier Asle.
Du høyrer dei i veggen? seier Tollak.
Du får sikkert høyrt det du òg, men det er mest om natta.
Asle og Tollak går opp trappa. Dei går inn på rommet der Asle bur.
Det var ei gammal og fin skrivemaskin, seier Tollak, og han går bort og stryk litt på skrivemaskina.
Fått den av far min, seier Asle.
Så her er det du bur, ja, seier Tollak, og han set seg ned på stolen. Og heidning og kommunist, det er du.
Eller anarkist, seier Asle.
Ja, noko slikt, seier Tollak, og han begynner å le. I alle fall noko der. Eg trur eg held på å bli noko slikt eg òg, seier han. Men det er berre det.
Eg har nokre flasker øl, seier Asle.
Ja, hent dei med ein gong du, før vi begynner, seier Tollak og ler. Men altså eg trur at eg er kommunist eg òg, seier Tollak. Noko anna, same faen, seier han.
Idiotane må vekk, ja, seier Asle.
Skytast, seier Tollak.
Helst det, seier Asle, og han skjenkjer øl til Tollak og til seg sjølv.
Jenter
Asle har ei syster nesten like gammal som han sjølv. Han går alltid og leier på syster si. Og ein stor gut seier til Asle at han alltid går alltid og leier på jenter, han.
Svensk
Eg haikar av garde. Eg får haik. Eg vågar ikkje seie at eg er norsk, eg vil jo gjerne at dei eg sit på med skal tru at eg har haika langt, så eg seier til tyskarane eg haikar med at eg er svensk. Eg kjøper meg ein is, eg kjøper også ein is til son deira. Eg merkar at dei ser på meg. Dei spør meg om nordmennene forstår svensk og eg nikkar, ja, seier eg, dei forstår det heilt godt.
Han held ut lenge, han der, seier han til slutt
Eg og ei jente hamnar i eit telt. Ho har ein sovepose, vi ligg i same sovepose, med kleda på. Vi ligg og held rundt kvarandre, pressar oss mot kvarandre. Attmed oss ligg eit anna par og gjer det same. Vi dunkar oss mot kvarandre. Ho pressar ned buksa si. Men eg vågar ikkje ligge med henne, eg tar ikkje av meg buksa mi. Vi ligg og pressar og dunkar oss mot kvarandre. Dei som ligg attmed oss blir fort ferdige med dunkinga si, men vi ligg slik i fleire timar. Pressar, dunkar.
Det veit vel alle
I
Asle og nokre kameratar og nokre jenter er ute i båt. Det er midt på sommaren. Dei har slått opp telt på ein holme, og no har dei drege ut midtfjords med båten. Dei har med seg fleire flasker sider. Asle har drukke mykje sider. Asle kjem på at han vil bade litt, sjølv om det er midt på natta og båten ligg midtfjords, så han kler av seg, alt utan underbuksa, og han hoppar i sjøen. Det er ganske kaldt. Asle sym litt bort frå båten, men merkar at han ikkje klarer bevege føtene og så prøver han å symje bort igjen til båten, men beina vil ikkje og han ber dei i båten rekke han ei åre og Åsmund rekker han ei åre og så dreg han Asle inntil båten. Og Åsmund tar tak i armane hans og dreg Asle opp igjen i båten. Asle frys og kler på seg igjen. Og så får Asle meir sider å drikke.
II
Då Asle reiser seg og skal gå or båten, merkar han at beina ikkje ber han. Han prøver igjen, men det knekk i knea. Alle ler. Og så støttar dei Asle på land og så tar Åsmund og lyftar Asle opp og så ber han Asle gjennom busk og kratt det bratte brotet opp til teltet og legg han ned på soveposen. Asle seier at han er heilt klar i hovudet. Åsmund seier at det kan så vere, men han er ikkje heilt klar i beina.
III
Åsmund og Asle sit i teltet og pratar om eit eller anna. Og Asle tenkjer at så dårleg til beins var han no vel ikkje, men det veit vel alle.

Scenes from a Childhood, Jon Fosse, translated by Damion Searls, Fitzcarraldo Editions, London 2018. Copyright © Jon Fosse. Translation copyright © Damion Searls. Reproduced by permission of Fitzcarraldo Editions.
Jon Fosse: Prosa frå ein oppvekst. Copyright © Det Norske Samlaget, 1994. Reproduced by permission of the Winje Agency.
Click here to read Jon Fosse's drama, Death Variations, translated by May-Brit Akerholt, in the October 2018 issue.